9. mai gikk turen til gården Bjørgo mellom Evanger og Bolstad. Når det var usikker is på Evangervatnet, måtte posten fraktast på land.  Då    gjekk ein den bratt tilrettelagde vegen frå Horvei opp til garden  Bjørgo,    over Vindeggi, ned forbi høgdegarden Brunborg og så ned i Teigdalen og  ned    til Evanger. Denne gamle vegen, som var ein del av postruta mellom  Bergen og    Christiania, er i dag ein fin tursti.
På dei to bruka på Bjørgo har det vore gardsdrift heilt tilbake til    1300-talet. I dag er det ikkje drift her, men gardane vert haldne ved  like.    Stien går no vidare i nordaustleg retning inn Bjørgadalen langs  Ørevikelva.    I enden av dalen tek ein opp over Vindeggi, med det høgste punktet på  ruta    på ca. 540 moh. Vidare stort sett i austleg retning ned gjennom    bjørkeskogen, forbi Fadnesstølen, der berre murane står att, og ned  til    garden Brunborg, der det er to bruk. Til liks med Bjørgo er ikkje  garden i    drift, men han er godt halden ved like og mykje brukt. Frå Brunborg  går det    taubane ned til bilvegen, for frakt av varer. Ned til Forvene i  Teigdalen    går det god sti i bratt terreng.  
Kilde: Opptur i Hordaland.




 
 
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar